Kjære medlemmar og abonnentar!
Privat næringsdrivande, herunder også bønder, er ei utryddingstrua art i den fjellrøysa me kallar heim og Noreg.
Små og mellomstore verksemder er viktigare enn nokon gong. Ringverknadene av eit fungerande næringsliv er heilt nødvendige for eit samfunn i balanse. Lite som stort.
Krav og kostnader galopperer.
Dokumentasjon, rapportering og byråkrati tek meir og meir tid, medan offentleg økonomi snart er den einaste økonomien me har, saman med nokre få store utanlandske eigarar utan lokal tilknyting.
Per inngangen til 2025 hadde Noreg 5,6 millionar innbyggarar. 2,8–2,9 millionar er i arbeid. Rundt 1 million av desse jobbar i offentleg sektor. Kor mange som igjen jobbar i verksemder avhengige av offentlege kundar, veit me ikkje, men ubalansen er tydeleg.
Gründerskap og ekstraordinær innsats er ikkje det Noreg premierer i dag.
Tusen takk for at du og dine driv nettopp med akkurat det dykk driv med. Verdiskaping kvar einaste dag!

Kva gjer Voss Næringsråd?
Voss Næringsråd jobbar tett saman med Næringsalliansen Vestland og Bergen Næringsråd.
Næringslivet treng gode og forutsigbare rammevilkår. Me har moglegheiter lokalt og nasjonalt , begge delar treng meir næringsvennlegheit.
Forslaget til statsbudsjett for 2026 gjev diverre inga forhåpning om betring.
Ved at dykk er – eller blir – medlem (kun 1 000 kr i årleg kontingent) representerer me ei stor og samla kraft inn mot styresmaktene. Det er heilt nødvendig for vidare utvikling.
Kommande generasjonar vil måtte betale for dagens papirflytting. Nei til subsidiering og ja til incentiv for å skapa, forvalte og bygge opp privat næringsliv.
Kortsiktig arbeid (0–4 år):
- Få fleire lokale verksemder som medlemmar
- Betre lokale rammevilkår
- Skriving av innspel til planar på høyring
- Politisk påverknad
Langsiktig arbeid (4–8 år):
- Styrka tilflytting og rekruttering av skarpe hovud til Voss (og visa dei korleis dei et smalahove)
- Større og sterkare næringsliv på Voss
- Betre rammevilkår lokalt og nasjonalt
- K5 – samanhengande veg og bane til Voss (byggetrinn 2 Stanghelle–Voss)
- Sentrumsutvikling i samarbeid med Voss Sentrum og Vossevangen Huseigarlag
- Auka samarbeid med eldreråd, ungdomsråd og Voss Reiselivsråd
- Meir næringsvennleg lokal politikk
Send gjerne innspill, ris og ros til: post@vossnr.no.
Me ser frem til å høyre frå deg.
Anders Hegland Lauritzen
Styreleiar

