Årsmøte 18.03.26

Årsmøtet er ein viktig møteplass for næringslivet på Voss. Her går me gjennom årsmelding og rekneskap, ser på arbeidet som er gjort det siste året, og løftar blikket framover mot nye prioriteringar og satsingar.

 

Årsmøtet i Voss Næringsråd vert halde
onsdag 18. mars kl. 18.00 på Elva Hotel.

Årsmøtet er den viktigaste møteplassen for medlemmene i Voss Næringsråd. Her ser me tilbake på året som har gått, behandlar årsmelding og rekneskap, og vel styre for komande periode.

 

På denne sida finn du sakspapira til årsmøtet.

 

 

Praktisk informasjon

Stad: Elva Hotel, Voss
Tid: 18.mars kl 18.00

Etter årsmøtet inviterer me til middag og sosial samling for dei som har meldt seg på dette.

Påmeldinga til arrangementet er no stengt.

Spørsmål 

Har du spørsmål til sakspapira eller årsmøtet, kan du ta kontakt med Voss Næringsråd på post@vossnr.no

Folka bak verksemdene: Snitt Reklame

Bak kvar verksemd ligg det folk og ambisjonar. I denne praten møter vi dagleg leiar i Snitt Reklame, Tor Stian. Sidan 2013 har han bygd opp eit lokalt reklamebyrå med ambisjonar om å løfte merkevarer og utfordre “heilt grei” løysningar. Me tok ein prat om lokal forankring, visuell identitet, AI i praksis, og kvifor det er mot som gjer at ein faktisk blir lagt merke til.

Les meir

Tilbakeblikk 2025

Det siste året har vore både lærerikt og givande for Voss Næringsråd. Med nye perspektiv, viktige diskusjonar og tettare dialog mellom næringslivet og Voss herad, har rolla vår vorte tydelegare enn nokon gong. Her er eit lite tilbakeblikk.

Les meir