Deler av styret i Voss Næringsråd saman med Næringsalliansen. Foto: Jon Hunnålvatn
Næringsrådet
Voss Næringsråd vart etablert våren 2023 og arbeidar for å styrke næringslivet i Voss herad. Rådet er eit bindeledd mellom bedrifter og det offentlege og fungerer som ei samla stemme i næringspolitiske saker.
Me er ein politisk uavhengig organisasjon som jobbar for gode rammevilkår, og eit tett konstruktivt samarbeid med heradet.
Voss Næringsråd tek opp saker som påverkar kvardagen til næringslivet og arbeider aktivt med høyringar, dialog og synleggjering av lokale verksemder.
Målet er å bidra til eit sterkare og meir samla næringsmiljø på Voss
Organisering
Voss Næringsråd er organisert som ei medlemsforeining med eit styre som representerer breidda i næringslivet på Voss.
Styret arbeider med næringspolitiske saker, dialog med heradet og strategiske prioriteringar for rådet.
Styret
Bli kjent med folka som står bak Voss Næringsråd og kva dei brenn for i utviklinga av næringslivet på Voss
Styreleiar
Anders Hegland Lauritzen
Handel i sentrum
Jobbar til dagen som prosjektleiar i Limone AS. I tillegg til Næringsrådet er Anders engasjert som styreleiar i Vossaløysinga (felles veg og bane heilt til Voss) og styregruppeleiar i Voss Sentrum.
Anders brenn for eit aktivt og attraktivt sentrum, der samarbeid mellom bedrifter og herad gjer Voss til ein naturleg møtestad for både innbyggjarar og tilreisande.
Tlf: 986 57 969
Mail: anders@limone.as
Nestleiar
Hedvig Røhnebæk
Tenesteytande
Dagleg leiar ved Synsenteret Voss. Tidlegare styreleiar i Voss Sentrum.
Hedvig er oppteken av gode møteplassar og å løfte fram lokale bedrifter som bidreg til trivsel og arbeidsplassar på Voss
Tlf: 932 58 573
Mail: hedvig.voss@gmail.com
Styremedlem
Bjørnar Nedkvitne
Bondelaget på Voss
Bonde og mjelkeprodusent på Flatekval i Skulestadmo.
Bjørnar brenn for at landbruket skal ha ei tydeleg stemme i utviklinga på Voss og meiner at samarbeid på tvers av bransjer er nøkkelen til eit bærekraftig næringsliv.
Styremedlem
Knut Kettermann
Reiseliv
Administrerende direktør ved Myrkdalen Hotel, Norway Best AS
Knut ynskjer å bidra til eit samla reiseliv som utviklar Voss som heilårs destinasjon, der opplevingar, kvalitet og lokal forankring står i sentrum
Styremedlem
Trond Nordpoll
Industri
Leder Nobi Avd. Voss
Trond engasjerer seg for å styrkje industrien si posisjon i regionen og sikre føreseielege rammevilkår for verksemdene, samt gode arbeidsvilkår for både lærlingar og fagarbeidarar
Styremedlem
Lars Tore Rogne
Transport
Representerer transportnæringa på Voss.
Lars Tore er opptatt av gode rammevilkår for logistikk og transport og ser verdien av at næringslivet står samla om felles utfordringar.
Styremedlem
Mona Bystøl
Grunder/startup
Dagleg leiar i Voss Bowling AS
Mona brenn for å skapa aktivitet, møteplassar og nye arbeidsplassar. Ho vil at Voss skal vere ein stad der gründerar får støtte til å utvikle ideane sine.
Styremedlem
Yorick S. Gontarek
Media
Daglig leiar i Frontiq AS
Yorick arbeider for å løfte fram historia, identiteten , bedriftane og menneska som formar Voss. Han arbeider med den lokale mediebransjen med mål om å auke synlegheit, stoltheit og eksponering rundt Voss både regionalt og nasjonalt.
Styremedlem
Kjetil Tverberg
Handel utanfor sentrum
Assisterande dagleg leiar i XL-BYGG
Kjetil ynskjer å bidra til utvikling av handelsnæringa på heile Voss, og er opptatt av samarbeid mellom bygda og sentrum
Styremedlem
Ståle Rørlien
Handtverkarar
Dagleg leiar i Voss Byggsenter AS og styreleiar i Byggmesterforbundet Voss og Hardanger.
Ståle er sterkt engasjert i bygg og handverksbransjen og brenn for fagkunnskap, kvalitet og gode løysingar.
Prosjektmedarbeider
Ingvild Bjørneboe-Iversen
Opptatt av å løfta fram lokale verksemder og gjera Voss-næringslivet meir synleg på digitale flater