Samarbeidspartnarar
Voss er ei bygd med sterke verksemder, stort engasjement og vilje til å få ting til. Skal me lukkast vidare, treng me samarbeid mellom næringslivet, det offentlege og andre sentrale aktørar.
Difor inviterer me no verksemder til å bli samarbeidspartnarar med Voss Næringsråd i 2026.
Me tilbyr fleire modellar for samarbeid, tilpassa kor tett de ynskjer å vere involvert, og kva de ynskjer å bidra med.
Hovudsamarbeidspartnar
For verksemder som vil ta ei tydeleg rolle i utviklinga av Voss.
Som hovudsamarbeidspartnar er du med og støttar arbeidet vårt på eit overordna nivå. Dette er eit samarbeid for aktørar som ønskjer synlegheit, påverknad og tett dialog.
Dette kan samarbeidet innebera:
Tydleg profilering som hovudsamarbeidspartnar
Synlegheit på nettsida vår, i nyheitsbrev og i samband med arrangement
Deltaking på utvalde møteplassar og arenaer
Moglegheit for felles initiativ og prosjekter
Samarbeidspartnar
For verksemder som vil vera med og bidra til felleskapen.
Samarbeidspartnarane våre er viktige støttespelarar i det daglege arbeidet. Dette passar for verksemder som ynskjer tilknytning og synlegheit, utan å ta ei hovudrolle.
Dette kan samarbeidet innebera:
Profilering som samarbeidspartnar
Synlegheit i relevante kanalar
Invitasjon til møteplassar og arrangement
Prosjekt-og arrangementsamarbeid
For verksemder som vil engasjera seg i konkrete tiltak.
Denne samarbeidsforma er knytt til einskildprosjekt, arrangement eller satsningar. Passar godt for verksemder som ynskjer eit avgrensa og meir fleksibelt samarbeid.
Dette kan samarbeidet innebera:
Samarbeid om konkrete prosjekt eller arrangement
Profilering knytt til det aktuelle tiltaket
Tidsavgrensa og fleksible avtaler
Er du nysgjerrig på samarbeid, eller vil du høyra meir om kva moglegheiter som finst?
Me tek gjerne ein uforpliktande prat om korleis di verksemd kan vera med å bidra på ein måte som gir meining både for dykk og for Voss.
Ta kontakt med oss på post@vossnr.no