Voss Næringsråd
-Saman for eit sterkare næringsliv

Voss Næringsråd vart etablert våren 2023 og har som føremål å vere eit bindeledd mellom det lokale næringslivet og det offentlege, samt bidra til å ivareta næringslivet sine interesser i viktige saker. 

Aktuelt

Her finn du eit breitt utval av aktuelle artiklar som dekkjer ulike tema innan næringslivet på Voss.

Årsmøte Voss Næringsråd 2026 Elva Hotel

Invitasjon til årsmøte 18.03.26

Årsmøtet er ein viktig møteplass for næringslivet på Voss. Her går me gjennom årsmelding og rekneskap, ser på arbeidet som er gjort det siste året, og løftar blikket framover mot nye prioriteringar og satsingar.

Folka bak verksemdene: Snitt Reklame

Bak kvar verksemd ligg det folk og ambisjonar. I denne praten møter vi dagleg leiar i Snitt Reklame, Tor Stian. Sidan 2013 har han bygd opp eit lokalt reklamebyrå med ambisjonar om å løfte merkevarer og utfordre “heilt grei” løysningar. Me tok ein prat om lokal forankring, visuell identitet, AI i praksis, og kvifor det er mot som gjer at ein faktisk blir lagt merke til.

Ynskjer di verksemd å fremje viktige saker i Vossaregionen,
samt bidra til at næringslivet si røyst vert høyrt i saker som påverkar oss?

 

Ynskjer du å bidra til å gjere vår region attraktiv for at
unge menneske skal busetje seg og arbeide her?

Ynskjer du å bidra til at Voss framleis vert lagt
merke til og til å styrke Voss som merkevare?

Då er eit medlemsskap noko for deg!

Voss Næringsråd er en del av Næringsalliansen

Voss Næringsråd er òg medlem av Næringsalliansen Vestland som er eit samarbeid mellom 17 næringsråd og -foreiningar i Vestland. 

Join Our Newsletter

Receive our latest blog posts directly in your inbox!