Folka bak verksemdene: Snitt Reklame

Bak kvar verksemd ligg det folk og ambisjonar. I denne praten møter vi dagleg leiar i Snitt Reklame, Tor Stian. Sidan 2013 har han bygd opp eit lokalt reklamebyrå med ambisjonar om å løfte merkevarer og utfordre "heilt grei" løysningar. Me tok ein prat om lokal forankring, visuell identitet, AI i praksis, og kvifor det er mot som gjer at ein faktisk blir lagt merke til.

Snitt Reklame såg dagens lys på Voss i 2013. Gründer og dagleg leiar Tor Stian Ramsøy, hadde då med seg fleire år med erfaring frå Prinfo Communications Group (PCG), på den tida Skandinavia sitt største uavhengige reklamebyrå.

– Målet var å bygge eit byrå som var lite nok til tett samarbeid, men stort nok på kompetanse. Det har vore viktig for meg at kundane jobbar med folk som faktisk har erfaring – ikkje at ein møter seniorar i salgsmøte og så blir overlaten til juniorar etterpå.

Snitt har heilt frå starten jobba tverrfagleg med web, marknadsføring og merkevarebygging.

– Mange verksemder på Voss opplevde at dei måtte handle utanbygds for å få heilskapen. No kan dei få alt samla lokalt.

Lokal forankring med ambisjonar

For Snitt handlar det å vere ein lokal aktør om meir enn å vere fysisk til stades.

– Eg meiner næringslivet på Voss har nøgd seg med «godt nok» litt for lenge. Skal me få fram alt det Voss faktisk har å by på, må me våga å tenkja større, samarbeida meir og stille høgare krav – også til oss sjølve.

Målet er å bidra til løysingar som skapar varig verdi.

– Det handlar om å løfta blikket, dele kunnskap og byggje noko som set spor, ikkje berre raske plaster.

Prosjekt som gjer inntrykk

Eit av prosjekta Snitt trekkjer fram med eit smil, er kampanjen «Dusj naken» for Vossabadet.

– Det er ikkje kvar dag ein får oppmoda folk til å kasta kleda for fellesskapet. Med ein god dose tørr humor vart bodskapen både tydeleg og minneverdig – og kampanjen lever framleis i garderobane i dag.

Eit anna prosjekt er dekoreringa av bokbussen til Voss bibliotek.

– Her har me blanda lokale soger, eventyr og kreativitet i eit leikent uttrykk. Eg trur både små og store vil leggja merke til han når bokbussen rullar ut.

AI som faktisk fungerer i kvardagen

Dei siste åra har Snitt jobba systematisk med interne system og rutinar, noko som har gjort det mogleg å ta kunstig intelligens i bruk på ein praktisk måte.

– Det viktigaste er ikkje å ha ein AI-strategi på papiret, men å få teknologien inn i arbeidsflyten. Me brukar AI til å effektivisere prosessar, frigjere tid til kreativt og strategisk arbeid, og sikre jamn kvalitet på tvers av kanalar.

Snitt hjelper også kundar med å finne konkrete måtar å ta teknologien i bruk.

– Mange lurer på kvar dei skal starte. Me har gått vegen sjølve, og veit kor viktig opplæring og praktisk erfaring er.

Når visuell identitet blir meir enn pynt

Snitt er tydelege på kva mange bedrifter undervurderer når dei utviklar visuell identitet.

– Altfor mange trur det held med ein pen logo. Ein identitet utan retning og substans blir fort usynleg. Skal ein bli hugsa, må ein våga å meine noko og vere konsekvent.

– Det er vår jobb som byrå å utfordre kundane til å tørre meir, ikkje berre levere det trygge og forventa.


Ein liten fun fact

Snitt jobbar tett med den skandinaviske supporterklubben til Manchester United – utan å ha ein einaste ekte supporter på kontoret.

– Då me skulle på firmatur til Old Trafford, måtte me ta med sonen min. Han var den einaste som faktisk heia på laget, og gleda hans gjorde turen ekstra spesiell.

Ei utfordring til Voss Næringsråd

Avslutningsvis kjem Snitt med ei venleg utfordring.

– Eg meiner det ligg stort potensial i å samle folk frå ulike bransjar i ressursgrupper. Slike møteplassar kan skape samarbeid, dele erfaringar og få fram initiativ som elles ikkje ville sett dagens lys.

– Samstundes vil eg gi honnør for arbeidet som er gjort så langt, og håpar me kan byggje vidare på det saman.



Takk for ein open og inspirerande prat. Takk for at du deler erfaringar og refleksjonar, og for engasjementet for næringslivet på Voss. Me gler oss til å følgje Snitt Reklame vidare!



 

.

Tilbakeblikk 2025

Det siste året har vore både lærerikt og givande for Voss Næringsråd. Med nye perspektiv, viktige diskusjonar og tettare dialog mellom næringslivet og Voss herad, har rolla vår vorte tydelegare enn nokon gong. Her er eit lite tilbakeblikk.

Les meir