Løypemelding om berekraft på Vestland

Voss Næringsråd såg dagens lys våren 2023, med ein målsetjing om å knyte det lokale næringslivet tettare saman med det offentlege.

Kjære medlem,
For femte år på rad utarbeider PwC, i samarbeid med Bergen Næringsråd og Næringsalliansen Vestland, ein analyse av korleis små og store selskap på Vestlandet arbeider med berekraft. Funna vert samanstilte og presenterte i rapporten “Løypemeldinga 2024” som skal lanserast 3. oktober 2024. 

Kvifor mottek du denne undersøkinga?
Alle medlemmane til Næringsalliansen Vestland mottek undersøkinga, for å auke innsikta i korleis det står til med berekraftsarbeidet i næringslivet på Vestlandet. Vi tilrår difor at den som svarar på undersøkinga har god innsikt i verksemda sitt berekraftsarbeid.

Korleis blir dine svar offentleggjort?
Data vil berre vere tilgjengeleg for ei avgrensa prosjektgruppe, og vert presentert på aggregert nivå i rapporten “Løypemeldinga 2024”. Vi handsamar opplysningane konfidensielt og i samsvar med personopplysningslova. 

Estimert tidsbruk er ca. 8-10 minuttar.

Takk for at du tek deg tid til å svare på undersøkinga, og velkomen til frukostseminar 3. oktober for presentasjon og diskusjon av funna! 

Beste helsing,
Bergen Næringsråd, Næringsalliansen Vestland og PwC Bergen

Link til undersøkinga;

https://response.questback.com/bergennringsrd/fmptarqxja

.

Dersom du ynskjer å bidra, enten ved å verte medlem eller ved å kome med innspel, er Voss Næringsråd klare til å ta imot deg med opne armar. Kontakt oss på post@vossnr.no og vere med på å forme morgondagen for Voss!

Årsmøte Voss Næringsråd 2026 Elva Hotel

Årsmøte 18.03.26

Årsmøtet er ein viktig møteplass for næringslivet på Voss. Her går me gjennom årsmelding og rekneskap, ser på arbeidet som er gjort det siste året, og løftar blikket framover mot nye prioriteringar og satsingar.

Les meir

Folka bak verksemdene: Snitt Reklame

Bak kvar verksemd ligg det folk og ambisjonar. I denne praten møter vi dagleg leiar i Snitt Reklame, Tor Stian. Sidan 2013 har han bygd opp eit lokalt reklamebyrå med ambisjonar om å løfte merkevarer og utfordre “heilt grei” løysningar. Me tok ein prat om lokal forankring, visuell identitet, AI i praksis, og kvifor det er mot som gjer at ein faktisk blir lagt merke til.

Les meir