Fjord- og fjellfondet – For verksemder med skaparvilje i regionen vår

Om fondet

I samarbeid med Sparebanken Vest og stiftinga deira Agenda Vestlandet, innvilger Hardanger og Voss Næringshage inntil 300.000,- til ein eller fleire mottakarar seinhausten 2024. Med dette vil me nå ut til innovative sjeler med spennande, nyskapande og berekraftige produkt, konsept og/eller forretningsmodellar – og med dét motivera endå fleire til å satsa.

For det spirer og gror av kreativitet og skaparvilje i regionen vår! Dette erfarer både Næringshagen og SPV støtt og stadig, i kontakten vår med både gründerar og etablerte verksemder med vekstpotensiale.

Les meir om fondet og søk om midlar her;

Dersom du ynskjer å bidra, enten ved å verte medlem eller ved å kome med innspel, er Voss Næringsråd klare til å ta imot deg. Kontakt oss på post@vossnr.no.

Folka bak verksemdene: Snitt Reklame

Bak kvar verksemd ligg det folk og ambisjonar. I denne praten møter vi dagleg leiar i Snitt Reklame, Tor Stian. Sidan 2013 har han bygd opp eit lokalt reklamebyrå med ambisjonar om å løfte merkevarer og utfordre “heilt grei” løysningar. Me tok ein prat om lokal forankring, visuell identitet, AI i praksis, og kvifor det er mot som gjer at ein faktisk blir lagt merke til.

Les meir

Tilbakeblikk 2025

Det siste året har vore både lærerikt og givande for Voss Næringsråd. Med nye perspektiv, viktige diskusjonar og tettare dialog mellom næringslivet og Voss herad, har rolla vår vorte tydelegare enn nokon gong. Her er eit lite tilbakeblikk.

Les meir