Arendalsuka 2025

Er di verksemd interessert?

Karianne Finne er kalla inn til eit møte med Bergens Næringsråd allereie 4. desember for planlegging av Arendalsuka 2025. Ho ynskjer at du melder tilbake raskt på fylgjande spørsmål dersom du er interessert i fylgjande:

  1. Er di bedrift/organisasjon interessert i lokale under Arendalsuka?
  2. Kva tema/problemstilling ynskjer de å fremja? Hugs nasjonal agenda!
  3. Kven er aktuelle samarbeidspartnarar?
  4. Kva kapasitet treng de?
    1. 120 pax
    2. 50 pax
  5. Er de villige til å ta kostnaden ved leige av lokale? inntil 37 500 + overnatting

Det er ikkje avklart kva rolle heradet skal ta i år, men Karianne ynskjer å sikra lokale som du eventuelt kan styra på eigenhand.

Send epost til karianne.finne@voss.herad.no

Dersom du ynskjer å bidra, enten ved å verte medlem eller ved å kome med innspel, er Voss Næringsråd klare til å ta imot deg. Kontakt oss på post@vossnr.no.

Folka bak verksemdene: Snitt Reklame

Bak kvar verksemd ligg det folk og ambisjonar. I denne praten møter vi dagleg leiar i Snitt Reklame, Tor Stian. Sidan 2013 har han bygd opp eit lokalt reklamebyrå med ambisjonar om å løfte merkevarer og utfordre “heilt grei” løysningar. Me tok ein prat om lokal forankring, visuell identitet, AI i praksis, og kvifor det er mot som gjer at ein faktisk blir lagt merke til.

Les meir

Tilbakeblikk 2025

Det siste året har vore både lærerikt og givande for Voss Næringsråd. Med nye perspektiv, viktige diskusjonar og tettare dialog mellom næringslivet og Voss herad, har rolla vår vorte tydelegare enn nokon gong. Her er eit lite tilbakeblikk.

Les meir