Invitasjon til årsmøte 18.03.26

Årsmøtet er ein viktig møteplass for næringslivet på Voss. Her går me gjennom årsmelding og rekneskap, ser på arbeidet som er gjort det siste året, og løftar blikket framover mot nye prioriteringar og satsingar.

 

Voss Næringsråd inviterer til årsmøte
onsdag 18. mars kl. 18.00 på Elva Hotel.

 
Årsmøtet er ein viktig møteplass for næringslivet på Voss. Her går me gjennom årsmelding og rekneskap, ser på arbeidet som er gjort det siste året,  og løftar blikket framover mot nye prioriteringar og satsingar.

Etter det formelle årsmøtet inviterer me til felles middag og gode samtalar rundt bordet. Dette er ein fin arena for å bli betre kjend på tvers av bransjar og bygge relasjonar.


Pris:

2- retters middag med drikkepakke: Kr 995

2-retters middag med alkoholfri drikkepakke: Kr 795

2- retters middag uten drikkepakke: Kr 645

 

Sakliste og årsmøtedokument vert sendt ut til medlemmane i forkant av møtet.

 

Meld deg på her.

 

Me håpar å sjå deg!

Folka bak verksemdene: Snitt Reklame

Bak kvar verksemd ligg det folk og ambisjonar. I denne praten møter vi dagleg leiar i Snitt Reklame, Tor Stian. Sidan 2013 har han bygd opp eit lokalt reklamebyrå med ambisjonar om å løfte merkevarer og utfordre “heilt grei” løysningar. Me tok ein prat om lokal forankring, visuell identitet, AI i praksis, og kvifor det er mot som gjer at ein faktisk blir lagt merke til.

Les meir

Tilbakeblikk 2025

Det siste året har vore både lærerikt og givande for Voss Næringsråd. Med nye perspektiv, viktige diskusjonar og tettare dialog mellom næringslivet og Voss herad, har rolla vår vorte tydelegare enn nokon gong. Her er eit lite tilbakeblikk.

Les meir