Næringsalliansen – Stortinget mai 2024

Voss Næringsråd ved styreleiar Narve Gjeraldstveit var i lag med representantar frå Næringsalliansen på besøk i Stortinget no 21.- 22. mai. Her møtte dei “Vestlandsbenken”, der det vart diskutert ulike saker som Næringsalliansen meiner er viktige for utviklinga av vårt område av Vestlandet. Det var veldig nyttige dagar, som gjev oss tru om å påvirke er lettare når vi har eit nært samarbeid med våre folkevalde. I tillegg var det ein nyttig erfaringsutveksling med andre næringsråd i vår region.

I vedlegget er det ein presentasjon som Næringsalliansen presenterte på Stortinget denne veka med Vestlandsbenken.

Det er avtalt eit nytt møte inne på Stortinget med vestlandsbenken igjen stipulert i mars 2025.

Dersom du ynskjer å bidra, enten ved å verte medlem eller ved å kome med innspel, er Voss Næringsråd klare til å ta imot deg. Kontakt oss på post@vossnr.no.

Fjordtinget 2025

For femte året på rad var leiarar frå næringslivet, politikarar, forskarar og interesseorganisasjonar samla på Fjordtinget i Øystese den 3. juni. Tema for årets konferanse var; Korleis kan vi legge til rette for berekraftig, ny verdiskaping kring fjordane og i heile Vestland?

Les meir

109 Næringsforeninger samla i Bergen

Første april samla 109 næringsforeninger seg i Bergen til årskonferanse i Næringsforeningene i Norge (NiN) Denne organisasjonen ble stiftet i Trondheim i april i fjor, og allerede etter et år er 175 lokale og regionale næringsforeninger og næringsråd medlem av denne «paraply-organisasjonen».

Les meir