Støtt Tour of Norway på Voss!

Kjære medlemmer i Voss Næringsråd,

Vi ber om dykkar støtte til sykkelrittet Tour of Norway på Voss torsdag 23. mai 2024. Starten blir i Vangsgata ca kl. 14.00. Det blir køyrt rundt Vangsvatnet, ned til Ulvik, tilbake mot Voss over Ulvikahøgde, Skjervet, Kyte og Tvinde. Målgang i Bavallen ca kl 18:00

Rittet vert direktesent på TV2 og gjev difor Voss og regionen svært god publisitet. Dei betalar og for 2000 gjestedøgn på hotella og gjev gode inntekter til lokale klubbar som er med å bidreg. 

Det blir storskjerm på Torget med presentasjon av syklistane, live sending under rittet og sykkelaktivitet for born(kl 16-19).

Arrangørane har budsjettert med ei støtte frå lokalsamfunnet på Voss på 500 000 kr. Me vonar dugnadsånda er sterk og håper ditt firma kan bidra med eit sponsorbidrag på kr. 5000 – 10 000 kr,  saman kan me gjera dette arrangementet til ein suksess. Dykkar bidrag vil bidra til å dekka naudsynte kostnader og sikra at Tour of Norway vert ein minneverdig oppleving for både deltakarar og tilskodarar.

Utover rittet i 2024 blir det arbeidd for at dette skal bli eit fast  ritt på Vestlandet, der Voss blir vitja om ikkje kvart år, så rimeleg ofte. Visit Voss og ordføraren på Voss har engasjert seg for å bistå Tour of Norway i arbeidet med å auka den offentlege og private støtta på eit overordna nivå.

Dette vil vera ein investering i framtida. Ved å støtta Tour of Norway på Voss, sikrar me at me får dette arrangementet attende til bygda vår seinare, noko som vil ha ein positiv effekt for både næringslivet og lagslivet på Voss.

La oss visa vårt engasjement og støtte til Tour of Norway på Voss. Send ein e-post til gry@visitvoss.no om du vil bidra!

Det vert laga ei eiga landingsside på visitvoss.no kor bidragsytarane vert synleggjort, samt ei heilsides «takkeannonse» i avisa Hordaland etter rittet.

Med venleg helsing,

Gry Bystøl, Visit Voss , Lilly-Anne Selland, Voss Sentrum, Sigbjørn Slåtten (eldsjel og dugnadsarbeidar)

https://www.visitvoss.no/tour-norway-voss

https://tourofnorway.no/no/proff/etapper-2024/525/1-etappe

…………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………

Dersom du ynskjer å bidra i Voss Næringsråd, enten ved å verte medlem eller ved å kome med innspel, er Voss Næringsråd klare til å ta imot deg. Kontakt oss på post@vossnr.no.

Årsmøte Voss Næringsråd 2026 Elva Hotel

Årsmøte 18.03.26

Årsmøtet er ein viktig møteplass for næringslivet på Voss. Her går me gjennom årsmelding og rekneskap, ser på arbeidet som er gjort det siste året, og løftar blikket framover mot nye prioriteringar og satsingar.

Les meir

Folka bak verksemdene: Snitt Reklame

Bak kvar verksemd ligg det folk og ambisjonar. I denne praten møter vi dagleg leiar i Snitt Reklame, Tor Stian. Sidan 2013 har han bygd opp eit lokalt reklamebyrå med ambisjonar om å løfte merkevarer og utfordre “heilt grei” løysningar. Me tok ein prat om lokal forankring, visuell identitet, AI i praksis, og kvifor det er mot som gjer at ein faktisk blir lagt merke til.

Les meir